Årbok for Gudbrandsdalen 2024

Av Rasmus Stauri

Den tradisjonsrike Årbok for Gudbrandsdalen vart lansert på Hundorp 12.september  av styret i Gudbrandsdal Dølaringen og redaktør Geir Beitrusten. Årboka 2024 er omfangsrik i år også med 210 sider og med stoff frå dei fleste dølabygdene. Spissartikkelen må seiast å vera skriven av Egil Ulateig om Johs. Myhren – eit ikkje ukjent namn i Midtdalen som lektor og seinare rektor ved Vinstra vidaregåande skule i åra 1976 til 1982. Myhren hadde også ei fortid som NS-medlem og aktiv på Quislings side under krigen. Han fekk ei lang fengselstraff, og sat 900 dagar i varetekt, og som Ulateig skriv. Johs Myhren kalla seg  kristen. Men Quisling stod i hans augo nærare Vårherre enn Berggrav og Hallesby – kjende menn på den tida som biskop og Hallesby sentral mellom  kristenfolket. Ulateig teiknar eit breitt bilde av Johs. Myhrens mangfaldige liv i artikkelen som han kalla «Den farlegaste nazisten Den beste læraren». For yngre generasjonar bør denne artikkelen interessere og kanskje skape debatt også.

Årbok for Gudbrandsdalen har ei lang historie, heilt attende til 1930, og hadde si storheitstid på 1950,-60, 70 og 80-talet, da Årboka var så å seia einerådane som lokalhistorisk årbok for Gudbrandsdalen. Etter den tid har dei mange historielaga i dalen laga eigne årbøker som har vorte ein konkurrent til den tradisjonsrike Årboka,- ikkje minst Fronsbygdin  og Hemgrenda her i Midtdalen. Likevel, understreka redaktør Geir Beitrusten, på lanseringskvelden, har Årboka eit vidare og samlande stoffutval, da det er viktig å sjå dalen under eitt. Årboka er alle årbøkers mor, understreka han, og det er viktig å halde oppe både salet og ikkje minst stoffutvalet frå heile dalen. Og det er mange stoffområde som ikkje er omtala i særleg grad, idrett, teaterliv, musikk i ulike utttrykk, handelhistorikk og turistnæringa etter krigen– vår nære fortid. Det er mykje å ause au og det er eit stort behov for framtidige årbøker. Innhaldet står seg, hevda Beitrusten, men eit godt salsapparat manglar i stor grad. Salet av Årboka har gått ned dei seinaste åra, og det er eit viktig poeng å halde dette oppe, da Årboka er den viktigaste inntektskjelda for Gudbrandsdal historielag Dølaringen. Årboka 2024 har kjende namn som Maj-Britt Svastuen, Inge Eidsvåg, Ingar Sletten Kolloen, Arne Skuterud og Tore Pryser i tillegg til mange andre.

Neste
Neste

Årbok for Gudbrandsdalen 2023