Om oss

Føremålet til til Gudbrandsdal historielag Dølaringen er:

• å vera regionlag for historielagsrørsla i Gudbrandsdalen. GHD skal styrke arbeidet med lokalhistorie og kulturarv i Gudbrandsdalen. GHD skal samarbeide med medlemslaga.

• er å vera forlag som gjev ut Årbok for Gudbrandsdalen og anna lokalhistorisk litteratur.

• er å vera regionlag i Landslaget for Lokalhistorie (LLH)

Gudbrandsdal historielag og Dølaringen vart slegne i hop til eitt lag i 2018. Fram til da var det to lag med si eiga historie.

Gudbrandsdal historielag vart skipa i 1919. Føremålet med laget var “å vekkje og nøre interessa for den heimlege kulturarven og soga i bygd og by, å samle og ta vare på verdfulle folkeminne og å gje ut eller yte stønad til utgjeving av bøker og skrifter med kulturhistorisk og lokalhistorisk innhald.”

Dølaringen vart skipa som regionalt mållag i 1914. Frå 1933 vart arbeidsområdet utvida frå berre målsak til også å “verne om dølakulturen i mål og minne, i sed og skikk, i arbeid og kunst.” Med føremål som i stor grad overlappar, hadde dei to laga mykje samarbeid også før samanslåinga. Mellom anna åtte dei kvar sin halvpart av Dølaringen boklag, som nå er avvikla. Det var også samarbeid om utgjeving av Årbok for Gudbrandsdalen.

Årbok for Gudbrandsdalen

Årboka kom ut første gong i 1930 som Årbok for Dølaringen. Sidan 1933 har boka vore utgjeven som Årbok for Gudbrandsdalen med eigen redaktør i samarbeid mellom Dølaringen og Gudbrandsdal historielag, som altså etter 2018 har vore ein organisasjon.

Frå 2025 er Bjørn K. Sletten redaktør for Årbok for Gudbrandsdalen. Kontakt e-post: bjorn.sletten@gmail.com

Finn og bestill bøker her

Styret for Gudbrandsdal historielag Dølaringen

Styreleiarar i Gudbrandsdal historielag

Gunner Gunnersen, Lillehammer 1919-25

Kristofer Fliflet, Lillehammer, 1925-34

Tor Ile, Øyer, 1934-35

Aksel Hattestad, Ringebu, 1935-42

Trygve Krukhoug, Lillehammer, 1942-46

Kasper Øvstedal, Vågå, 1946-47

Ivar Øygard, Skjåk,1947-62

Bernhard Hovstad, Ringebu, 1962-72

Olav Råstad, Vågå, 1972-91

Per Åsmundstad, Ringebu, 1991-96

Jon Ødegård, Ringebu, 1997-99

Per Åsmundstad, Ringebu, 1999-2004

Arne Skuterud, Vinstra, 2005-13

Arnfinn Engen, Lillehammer, 2013-14

Torveig Dahl, Ringebu, 2014-23

Sæbjørn Forberg, Skjåk, 2023-

Sæbjørn Forberg

Redaktørar av Årbok for Gudbrandsdalen

Edvard Grimstad, Skjåk/Lillehammer, 1930-36

Einar Hovdhaugen, Ringebu, 1937

Ola I. Svare, Gausdal, 1938-39

Einar Hovdhaugen, Ringebu, 1940

Aksel Hattestad, Fåberg, 1941-42

Martinus Høgåsen, Nord-Fron/Vågå, 1945-64

Ole Arnfinn Torgersrud, Otta/Gausdal, 1965-73

Per Lindsheim, Skjåk, 1974

Jan-Magnus Bruheim, Skjåk, 1975

Bruheim og Lindsheim, 1976-77

Jan Magnus Bruheim, Skjåk, 1978

Arnfinn Engen, Lillehammer, 1979-81

Kristian Hosar, Lillehammer, (medredaktør) 1980-81

Arnfinn Engen og Iver Forseth, Gausdal, 1982

Johs. Myhren, Nord-Fron, 1983-92

Arvid Ødegaard, Nord-Fron, 1993-94

Arvid Ødegaard og Iver Forseth, 1995-98

Arnfinn Engen, 1999-2006

Kristian Hosar, 2007-11

Kirsti Krekling, Lillehammer, 2012-14

Geir Beitrusten, Lillehammer, 2015

Foto: Paul Andreas Røstad /Dextra Photo