Kultur og historie i Gudbrandsdalen
Protokoll frå årsmøtet 2024 er tilgjengeleg på vår nettside. Sjå lenke under.
Meld deg inn i dag for 200kr - få medlemsskap ut 2025!
Gudbrandsdal historielag Dølaringen har både lagsmedlem og personlege medlemmar. No kan du melde deg inn som personmedlem ved å betale 200kr via Vipps og få medlemsskap ut 2025.
Du kan bruke QR-koda til høgre (åpne kamera mot koda, følg lenke som kjem opp på skjermen). Eller du kan skrive inn #789914.
Obs! Skriv i meldingsfeltet at det gjeld innmelding.
Velkommen som medlem!
Sal av bøker frå Dølaringen Boklag
Vi har ei rekkje bøker til sals.
Årboka er her! Årbok for Gudbrandsdalen 2024. Bokslepp 12.september 2024.
Årboka er her! Årbok for Gudbrandsdalen 2024. Bokslepp 12.september 2024.
12.september 2024
Dale-Gudbrands gard, Hundorp
Kl.17.00
Grunna enkel servering, er det ønska med påmelding til 901 50 082 eller saebjorn@online.no innan 10.september.
Årbok for Gudbrandsdalen 2024 er levert frå trykeriet og de er inviterte på bokslepp. Boka har stoff frå heile dalen, og redaktør Geir Beitrusten vil orientere om innhaldet og bokarbeidet.
Spissartikkelen i boka er skriven av Egil Ulateig og handlar om Johs. Myhren. Artikkelen har tittelen Den farlegaste nazisten. Den beste læraren.
Det blir enkel servering og moglegheit for å kjøpe boka.
Vel møtt!
Ønsker du meir informasjon om boka, kontakt redaktør Geir Beitrusten, 482 19 665
Årsmøte søndag 21.april i Skjåk
Årsmøte søndag 21.april i Skjåk
Søndag 21.april 2024
Moar grendahus og
Fjelleventyret
Skjåk
kl.11.30 - 16.00
Det blir kalla inn til årsmøte i Gudbrandsdal historielag Dølaringen sundag 21. april.
I år blir årsmøtet i Skjåk med Skjåk historielag som vertskap. Arrangementet blir todelt. Først med fagprogram i Moar grendehus, og deretter matøkt med sjølve årsmøtet hos Fjelleventyret like ved.
For fullt program og påmeldingsinformasjon, sjå innkallinga. Årsmøtepapir er lagt ved innkallinga.
Gudbrandsdalseminaret
Foto: Severin Worm-Petersen/Norsk Teknisk Museum
Stifta 1914 og 1918
Fusjonert i 2018
Historielaget har til føremål å arbeide for kultur og historie i Gudbrandsdalen. Laget legg vekt på å fungere som eit bindeledd mellom dei lokale historielaga i Gudbrandsdalen.
Lokallag der du bur
Vi har medlemslag i alle kommunene i Gudbrandsdalen.
Foto: Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum